Marjun Syderbø Kjelnæs

Marjun Syderbø Kjelnæs, fødd i 1974, er ein færøysk forfattar, oppvaksen i Tórshavn. Ho er lyrikar, dramatikar og prosaist og har skrive ei rekkje verk i ulike sjangrar. Mellom desse er tre diktsamlingar: Karmageitin (2022), Rót tripp (2012) og Opna (2016). Dei to teaterstykka hennar, Gentukamarið (2022) og Tóm rúm (2014), er begge framførte på den færøyske nasjonalscena.

I 2010 kom ungdomsromanen Skriva í sandin, og i 2020 ungdomsromanen Sum rótskot. Begge blei nominerte til Nordisk råds litteraturpris for barne- og ungdomslitteratur. I 2015 vann romanen Óendaliga vera den færøyske bokhandlarprisen, og i 2017 skreiv Kjelnæs filmmanuskriptet til filmen Dreymar við havið. Ho har også skrive songtekstar for Eivør Pálsdóttir. Verka hennar har blitt omsette og utgjevne på andre nordiske språk og på engelsk, fransk og tysk.

Karmageitin og Gentukamarið – ein eksistensiell horrorkomedia blei nominerte til Nordisk råds litteraturpris i 2023. Begge kom ut på norsk på Orkana forlag, gjendikta og omsette av Lars Moa, med titlane Karmageita og Jenterommet – ein eksistensiell horrorkomedie.

Romanen Marta, Marta er nominert til Nordisk råds litteraturpris i 2026. Verket vann den færøyske litteraturprisen M.A. Jacobsens í 2025, og skapte debatt på øyane ved å drøfte etterverknadene av terroråtaket i Israel 7. oktober 2023. Romanen er autofiksjon og skildrar ei ung kvinne sine opplevingar på ein kibbutz på 1990-talet, og dei same opplevingane hennar tretti år seinare. Romanen er omsett av Lars Moa, Orkana (2026).

Foto: Sunva Eysturoy Lassen

0
Per Gunnar Eeg-TverbakkPaul Bjerke_foto_privat