Linda Karlsen

Linda B. Karlsen, født i 1962, har vakse opp på Vestlandet, Askøy/Austevoll, med ein familie der fiske alltid har stått sterkt. Faren var blant pionerane på størjefisket, og farfaren omkom på størjefisket midt på 1950-talet.

Karlsen er no busett i Østfold. Ho er utdanna lektor. Karlsen interesserer seg for kyst- og lokalhistorie og likar å lytta til folk sine livshistorier. Tidlegare har ho skrive ei slekts- og lokalhistorisk bok.

Etter fleire års arbeid kom boka Størjefeber. Makrellstørja – kystfolk fortel, Orkana 2021.

Makrellstørja – den største tunfisken i verda – har i uminnelege tider vitja kysten vår, og folk har fiska og nytta han som matfisk. Forfattaren set søkelyset på kystfolket og har eit breitt perspektiv på det moderne norske størjefisket, prega av speiding, spenning og beinhardt arbeid.

Eldre fiskarar blir som ungdom igjen når dei fortel frå dei gylne åra på 1950- og tidleg 1960-talet. Kystkvinnene skildrar livet heime medan mennene var på størjefisket. Boka har og med glimt frå eit mangfald av tilhøyrande næringar, og lesarane møter jamvel ein sushi-kokk, fritids- og sportsfiskarar og ein som forsøker å starte størjeoppdrett.

Foto: Håvard Melvær

0
Petter Snekkestad_foto-Varanger museumIngjerd Hansen Juvik