Lars Moa

Lars Moa (f. 1947) bur i Stjørdal. Han har vore gjendiktar/omsettar av færøysk litteratur frå 2003 og har gjendikta Jóanes Nielsens Sting, som kom på Orkana i 2003 og Jóanes Nielsens Det fins dei som tar månelys på alvor, Orkana, 2008.

Moa er utdanna adjunkt med allmennlærarutdanning frå Nesna off. lærarskole og med grunnfag i nordisk (Trondheim) og engelsk (Newcastle upon Tyne).

Han har vore lærar i ungdomsskolen frå 1970 til 2009. Moa var på kortlista til Bastianprisen i 2014 og Kritikarprisen i 2007. Han fekk Noregs Mållags Målblome i 2007 og Alfred Andersson-Ryssts pris i 2011.

Foto: Roar A. Fordal

 

0