Jahn-Arill Skogholt
Jahn-Arill Skogholt, (1943–2007) lærar, lokalpolitikar og forfattar. Han ga ut to bøker på Orkana – i 1993 kom Lofotfiskar ved Kongens bord, ein biografi om tidlegare fiskeriminister Eivind Bolle og i 1999 romanen Grågud og kvitekrist med handling fra vikingsetet på Borg.
I 1971 vann Skogholt Dag og Tid sin visekonkurranse med «Bygdevise». Visa blei tonesett av Jack Berntsen og kom seinare ut i samlinga Kor e hammaren, Edvard? (viser og songar, 1977) og han fekk gjennombrotet sitt med denne visa som også blei eit varemerke for den nordnorske visebølgja i 1970-åra. Saman med Andreas Hompland skreiv han Ein målstrid i Bygde-Norge (sakprosa, 1974). Skogholt hadde noveller på trykk i ei lang rekkje antologiar.
Jahn-Arill Skogholt var styreleiar i Nordnorsk Kulturråd (1989–2001), hadde styre- og leiarverv i Nordnorsk Forfatterlag og var aktiv for SV i lokalpolitikken. I 1987 fekk han Blixprisen, som litteraturselskapet Det Norske Samlaget deler ut «til ein framifrå nordnorsk forfattar som skriv nynorsk».