Åsa Elstad
Åsa Elstad (f. 1956) er forfattar av boka Moteløver og heimfødingar. Tekstilar og samfunnsendringar i Øksnes og Astafjord (1996), biletredaktør av Johan Borgos’ bok Samer ved storhavet (2020), redaktør og medforfattar av Tenkende hender, Tromsø Husflidslag 1922–2022 (2022) og ein av forfattarane av bind 2 En anderledes hverdag, Andre verdenskrig i nord, alle utgitt på Orkana forlag.
Ho er dr. art i historie, har arbeidd som lærar i dei fleste skoleslag, vore faglitterær forfattar og konservator ved Museum Nord. Elstad har særleg interesse for kysthistorie, kjønnshistorie og materiell kultur og har blant anna deltatt i prosjekta Nordnorsk kulturhistorie, Norsk polarhistorie, Nordlands historie og Norges fiskeri- og kysthistorie og skrive bøkene Kystkvinner i Norge og Trådar frå fortida.
Foto: Trond Gansmoe Johnsen