Undervegs med Nanna With. Globetrottar og samfunnsbyggar

kr 449

Produktnummer: 9788281046436 Kategorier: ,

Aud Farstad
Nynorsk / 312 s / Orkana 2025
Design: DesignBaltic

Nanna Withs (1874–1965) mangfaldige liv er ein inspirasjon. Sjølv om ho var fødd i ei tid då kvinner sine sjansar var få, viser hennar lagnad kor frie og sjølvstendige liv det var mogeleg å leve for norske kvinner for 120 år sidan. Ho hadde eit godt utgangspunkt med ein far, Richard With, som trudde på henne og støtta henne, men det meste av det ho fekk til, skuldast hennar eige arbeid, innsatsvilje, gåpåmot og sjølvtillit.

Forfattaren fylgjer Nanna frå ho vaks opp på handelsstaden Risøyhamn på Andøya i Nordland og vidare gjennom tre ulike yrkeskarrierar. Mellom anna bygde ho opp ei medieverksemd frå berre éin tilsett til ho tolv år seinare hadde femti tilsette. Lesaren er med henne på reisa jorda rundt åleine, som den første norske kvinna i historia. Vi får innsikt i hennar breie og brennande samfunnsengasjement, eit engasjement som kosta kamp og mot, og som sette varige spor etter seg.