Torebrak

kr 349

Produktnummer: 9788281046313 Kategorier: ,

Rakel Helmsdal
Originaltittel: Toran gongur
Omsett frå færøysk av Lars Moa MNO
Nynorsk / innbundet / 152 s / Orkana 2025
Lay-out: Pætur Eyðunsson Jensen / Droym.fo
Illustrasjonar Rakel Helmsdal: bildegrafikk med cyanotypitrykk, tørrnålstrykk og akvarell
Sats: DesignBaltic

Eitt hus, fire familiar og ei hending som forandrar alt

Alle i huset har kvar sine arr som smertar dei. Faren Marinus og barna Aurora og Kaspian saknar mora som rømte frå dei. Inni sjelene skjuler Enara og dottera Sirje sin store løyndom. Sorg og einsemd har tatt alle fargar bort frå verda til den unge Viktor. Den gamle pianistinna Madame Iris har mista musikken i sitt liv.

Ein dag bed den femten år gamle Aurora alle i det store, gamle huset til middag, og dei tar eit famlande steg inn i liva til kvarandre. Om natta barkar torevêret laust så det buldrar og brakar i huset. Da dei vaknar om morgonen, er Sirje forsvunnen – jenta som aldri går åleine nokon stad – og dei må alle hjelpast åt om dei skal finne henne att.

Torebrak er ei hjartegripande historie der utrulege ting, som ingen kunne førestille seg, verkeleg hender.