No som eg drøymde om ei geit i dag tidleg
ønskte eg meg likevel berre å drøyme om eitkvart anna
dyret var for banalt
men likevel følte eg meg tett knytt til henne
liksom var ho ein del av meg
ei søster kanskje
og her må eg nemne
at eg inga søster har
men at eg alltid har ønskt meg ei
Lengselen ver altså allereie
sterk
og gleda over å finne henne
stor
mi eiga
blidøygde
bjølleringande
geit
endeleg
…