Jenterommet – ein eksistensiell horrorkomedie

kr 299

Produktnummer: 9788281045668 Kategori:

Marjun Syderbø Kjelnæs
Omsett frå færøysk av Lars Moa
Nynorsk / fleksibind / 96 s / Orkana 2023
Sats: DesignBaltic etter Ungu Føroyar
Omslag: Guðrið Syderbø

I Jenterommet – ein eksistensiell horrorkomedie er den vaksne kvinna attende i barndomsrommet sitt i eit opprivande møte med eit marerittvesen som prøver å knekke henne. Hennar eiga mor og eiga dotter er også innblanda i handlinga der fortid og notid blir sausa saman i ei frykteleg røre. Men ho kjempar seg gjennom natta, ja, ho kjem faktisk styrkt ut.

Jenterommet – ein eksistensiell horrorkomedie er saman med Karmageita nominert til Nordisk råds litteraturpris 2023. Den færøyske juryen skriv i grunngivinga for nominasjonen: «Karmageita og Jenterommet er eit litterært dobbeltverk der dei to bøkene har kvart sitt uttrykk og preg. Det er tale om to ulike sjangrar, ei diktsamling og ein dramatisk tekst. Verka kan lesast i vilkårleg rekkefølge og er ikkje lineært eller kausalt forbundne, men snarare som to verk som er innleira i kvarandre: der dialogane i dramaet, rørslene i dikta, sinnstilstandane og dei fysiske romma veks inn i kvarandre.»

Marjun Syderbø Kjelnæs (f. 1974) er ei kjent og aktiv stemme på den færøyske litterære og dramatiske scenen. Jenterommet – ein eksistensiell horrorkomedie er den fjerde boka hennar som blir utgitt på norsk.