Dropshjarte. Ei nordatlantisk krønike – bind 2

kr 399

Produktnummer: 9788281046559 Kategorier: ,

Jóanes Nielsen
Oversatt av Lars Moa
Nynorsk/ innbundet / 376 s / Orkana 2025
Omslagsillustrasjon: Ane Nordvik Hasselberg
Design: DesignBaltic

Dropshjarte er det andre bindet i Jóanes Nielsens forteljing om dei færøyske slektene Brahmadellene og Tvibur, ei krønike som godt og grundig blandar fiksjon og verkelege hendingar i nyare færøysk historie.
Dropshjarte er ei forteljing om familieband og vennskap, kjærleik og hat, sex, kristendom og djevelskap, medynksdrap, færøyske nazisympatisørar, sand­suging og sledehundmassakre i Grønland, ei okkult Forbannarsekt, eit bombeattentat mot Lagtinget, ei skipsulykke, rabbinarbesøk i bygda Sumba, berserkgang i Klaksvík – og eit møte med Den vonde sjølv.
Omdreiingspunktet i forteljinga er forfattaren Eigil Tvibur som har genar frå både Brahmadell- og Tviburslekta. Eigil er valdtektsbarn, unnfanga da broren til farfaren hans valdtok niesa si i eit fjøs i Sumba, og han kjempar ein stadig kamp for å forsone seg med seg sjølv og med sitt opphav. Han har på same tid eit ømt og eit brutalt sinn – og eit temperament som innimellom bringer han opp i trøbbel.

Jóanes Nielsen er ein færøysk forfattar. Han debuterte i 1978 med diktsamlinga Den trettande månaden (Trettandi mánaðin), og har sidan skrive ti diktsamlingar, fem romanar, tre skodespel, to essaysamlingar og ei novellesamling. Dropshjarte er andre bind i tetralogien Ei nordatlantisk krønike.

Omsett frå færøysk av Lars Moa MNO.