Der det gror skierri

kr 349

Varenummer: 9788281044708 Kategori:

Irene Larsen
Nynorsk / innbundet / 168 s / Orkana 2021
Design: DesignBaltic

Tåka ligg tett utanfor trafokiosken. Det er her dei møtest oftast. Dei reknar med at ingen går forbi her no, og dei tør å snakke høgt. Vanlegvis kviskrar dei når dei er her inne.
I snart halvanna år har Yrja og Isak møtt kvarandre ulike stader på fjellet ovanfor heimstaden deira. Av og til har dei slått opp det gule tomannsteltet til Isak på ei lita slette midt inne i eit bjørkekratt. Men ikkje denne dagen.

Yrja er festivalleiar for ein sjøsamisk festival på ei øy i Finnmark. Ho lever eit grenselaust og til tider turbulent liv og har eit forhold til ein gift mann, Isak. Forholdet er prega av mykje friksjon, men dei greier ikkje å gje slepp på kvarandre. Yrja kjenner på ei eksistensiell einsemd, og ho er svært opptatt av ei reiseskildring om ein italienar som forliste med mannskapet sitt på ei øy utanfor Røst i 1432. Yrja føler at skildringa på mange vis speglar hennar eige liv, og på eit avgjerande tidspunkt bestemmer ho seg for å reise til øygruppa ytst ute i Lofoten der italienarane stranda.