Marta, Marta

kr 349

Produktnummer: 9788281047105 Kategorier: ,

Marjun Syderbø Kjelnæs
Omsett frå færøysk av Lars Moa
Nynorsk / mykbind / 178 s. / Orkana 2026
Sats: IK Graphic Studio
Omslag: IK Graphic Studio

Marta vaks opp på ei lita øy ute i havet, i ein familie der tru og tradisjonar var ein naturleg del av kvardagen. Nitten år gammal reiste ho til ein kibbutz i Jordandalen. Året var 1993, og møtet med det politiske og religiøse brennpunktet gjorde sterkt inntrykk på henne. Ho kunne ikkje berre sjå på konflikten og urettferda rundt seg utan å stille spørsmål og prøve å forstå det ho opplevde.

Tretti år seinare kjem ei israelsk venninne til Færøyane for å besøke henne. Landet Marta hadde vore i tre tiår tidligare er meir enn nokon gong eit ope sår. Ho spør seg kvifor det er så vanskeleg å sjå konflikten slik han faktisk er – utan å skjule, forenkle eller bortforklare urettferda.